Samfunnsplanlegging

Samfunnet vårt endrar seg raskt. For å kunne styre utviklinga slik kommunen ynskjer er det viktig å ha gode hjelpemiddel i planlegginga. Rikspolitiske bestemmelsar, fylkesplanar og kommunale vedtak er grunnsteinar i ein kontinuerleg prosess om samfunnsplanlegging.

Alle kommunar skal gjennomføre planlegging med sikte på å samordne den fysiske -, sosiale -, økonomiske - , estetiske - og kulturelle utviklinga i kommunen. Planlegginga skal ha ein langsiktig og ein kortsiktig del. 

Den langsiktige delen handlar om mål for utviklinga i kommunen, retningsliner for sektorane i kommunen og ein arealdel som syner arealbruken i kommunen

Den kortsiktige delen handlar om den kommunale aktiviteten dei næraste åra.

Plan- og bygningslova er den sentrale lova for offentlig styring av det fysiske miljøet i kommunen.

Ved hjelp av offentlege -og private reguleringsplanar, samt meir detaljerte utbyggingsplanar bestemmer kommunen korleis areal skal nyttast. I planprosessen vert det lagt vekt på innsyn og medverknad frå innbyggjarane i kommunen. 

Under kunngjeringar finn du kva planar som er ute til offentleg ettersyn. 

Sentrale plandokument i Øygarden kommune finn du under kommunale planar.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 29.07.2016
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)