Trus- og livsynssamfunn - tilskot
Registrerte tru- og livssynssamfunn kan få tilskot frå kommunen. Tilskotet vert rekna ut frå det kommunale tilskotet til Den norske kyrkja per statskyrkjemedlem i kommunen.
Servicetorget er sakshandsamar og gjer vedtak i saka. Kommunen mottek liste frå Brønnøysundregisteret med oversyn over tal medlemer i kommunen i dei ulike registrerte tru- og livssynssamfunn. Ut frå dette vert tilskotet berekna og utbetalt. Tru- og livssynssamfunn treng derfor ikkje å søkje kommunen om tilskot. Klage på tildeling av tilskot skal sendast Øygarden kommune innan tre veker etter at vedtaket er mottatt. Dersom kommunen opprettheld vedtaket går klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland. Klageskjema - Enkeltvedtak
Lenke: Kyrkja i Øygarden