Ynskjer du å etablera næringsverksemd i Øygarden

Er du ein av dei som har tenkt å starta for deg sjølv, men er usikker på kva du må gjera for å koma i gong? Eller kanskje du ynskjer å flytta bedrifta di til Øygarden kommune. Vi kan hjelpa deg.

 

Få etablerarrettleiing på Servicetorget

Rettleiarane på Servicetorget i Rådhuset har kompetanse innan rettleiing og er knytt opp mot Etablerarforum Vest. Etablerarforum Vest er satt saman av rettleiarar frå Sund, Fjell og Øygarden og får rettleiing frå Gode sirklar.
 

Kva kan vi hjelpa med?

Ingunn Teigen - Klikk for stort bileteIngunn Teigen Rettleiarane har oversikt over faglege nettverk, støtteordningar og lokaleSilvia Haugland - Klikk for stort bileteSilvia Haugland

verksemder samt personar som kan vera nyttige i etableringsfasen.

Er du arbeidsledig og ynskjer å skapa din eigen arbeidsplass?  Etter avtale med NAV gjev vi deg  ei  Næringsfagleg vurdering av etableringsplanane dine.

Rettleiarane vil etter kvart verta knytt opp mot den planlagte Grunderparken i Sotra Kystby, som er eit prosjekt Fjell, Sund og Øygarden støttar opp om.
Idéen bak denne gründerparken er å skapa eit fellesskap for gründerinitiativ og innovasjon. Dette skal i neste omgang bidra til nødvendig omstilling av eksisterande næringsliv og etablering av nye verksemder. Målgruppa er gründerar, oppstartsbedrifter eller prosjekt som alle har vekstpotensiale og/eller er innovative.

Gründerparken skal etablerast i ledige lokale i sentrumsområdet å Straume. Lokale er på 500 kvadratmeter og vil gje plass til konferanserom, møte/kurslokale og 12-15 cellekontor i tillegg til toalett og kjøken. I fase to er målet å utvikla ein industriell «inkubator» med eigarar og samarbeidspartar frå store verksemder, offentlege institusjonar og forskingsmiljø i regionen vår.

Etablerersenteret i Bergen

Etablerersenteret tilbyr etablererkurs, økonomikurs og rettleiing. Her får du og råd og rettleiing. Det vert arrangert nettverkstreff til gründarar, entreprenører og oppstartsbedrifter.Kurstilboda er både på norsk og engelsk.

Nyttige nettstader for nyetablerarar:

Etablerarsenteret
NAV - Dagpengar og etablering av eiga verksemd
Alt inn
Brønnøysundregistrene
Innovasjon Norge
Bedin bedriftsinformasjon

Kom-an

Etablera næringsverksemd - Kontaktinformasjon Her finn du kontaktliste for etablering av næringsverksemd.
Etablera næringsverksemd - Kontaktinformasjon
Namn:Telefon:E-post
Ingunn Teigen56 38 54 10 /97978782E-post
Silvia Haugland56 38 53 06 E-post
Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 03.03.2017
Fann du det du leita etter?