Flagg og ordenar

På desse sidene finn du lenker og informasjon om flagg og ordenar.

Flaggbruk
Flaggbruk i Noreg tilseier at frå og med mars til og med oktober skal det norske flagget heisast kl. 08.00, og frå og med november til februar skal det heisast kl. 09.00. Flagget skal firast ved solnedgang, men seinast kl. 21.00.

Meir informasjon og reglar om flagg finn du hos norge.no

Ordenar og medaljar
Ordensvesen finst i dei fleste verdsnasjonane. Statlege styresmakter nyttar utdeling av ordenar og medaljar til å belønne landsmenn og utanlandske borgarar for særleg innsats til samfunnets beste.

Meir informasjon finn du blant anna på Kongehuset sine sider.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 25.09.2012
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)