Ulukker, katastrofer og kriser

Ved større ulukker, katastrofar eller kriser vil kommunen måtte etablera ei kriseleiing for å sikra god overordna styring og rett prioritering av ressursar. Kriseleiinga vert leia av rådmannen.

Aktuelle oppgåver for kriseleiinga:

  1. Innhenta opplysningar og vurdera situasjonen i kommunen
  2. Ta avgjersler om å setja i verk tiltak for å hindra skader på personar og materielle verdiar
  3. Prioritera kommunen sine eigne ressursar
  4. Halda kontakt med rednings- /innsatsleiing (brann, politi, redningssentral)
  5. Utarbeida og senda ut informasjon til eigne tilsette, innbyggjarar og media
  6. Gje rapportar om situasjonen i kommunen til Fylkesmannen
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 09.04.2018
Fann du det du leita etter?