Svangerskap og fødsel

Svangerskapsomsorg er eit kommunalt tilbod til gravide for å bidra til god helse under svangerskapet.

Svangerskapskontroll på helsestasjonen (jordmortenesta) er først og fremst eit tilbod til gravide for å bidra til god helse under svangerskapet.

Kommunen skal tilby helseundersøkingar, rådgjeving, opplysningsverksemd og samlivs- og foreldrerettleiing. Øygarden kommune har ei jordmor tilsett i 80 % stilling ved Øygarden helsestasjon.

Den gravide sjølv kan velje om ho vil følgjast opp av fastlege eller jordmor, eller gjennom eit samarbeid mellom jordmor og fastlege.

Jordmor har kontordagar
Mandag-Torsdag

Om ein treng kontakt med jordmor andre dagar, ring 56 38 20 00.

Jordmor - kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon til jordmor i Øygarden
Jordmor - kontaktinformasjon
NamnKontortidE-postTelefon
Julie Haugetun HitsøyMån - torsE-post56 38 54 60
Vakttelefon Jordmorheim måndag-laurdag481 60 999
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.01.2019
Fann du det du leita etter?