Psykisk helse i barseltida

Å  få barn er ei stor omvelting. Mykje forandrar seg både fysisk og psykisk. Reaksjonane kan vere mange og samansette. Svingingar er heilt vanleg i denne fasen, og vert sett på som ein normal tilpasningsprosess til store endringar i livet

Mange skjuler vanskane sine, og trur dei er åleine om å ha vanskelege kjensler i ein periode av livet der både ein sjølv og omgjevnadene forventar at ein skal "strutte" av lykke. Men ein er ikkje åleine - så mange som 6000-9000 barselkvinner i Noreg er plaga av å vere nedstemt og deprimert kvart år. Angst og uro er ofte ein sentral del av plagene. For nokon oppstår vanskane allereie i svangerskapet, for andre etter fødselen. Opp mot seks månader etter fødselen er ein ekstra sårbar.

Vi veit at spedbarns utvikling og trivsel avhenger mykje av den omsorg han/ho får av sine omsorgspersonar. Det er difor svært viktig av vi så tidleg som mogeleg finn fram til dei foreldra som har det vanskeleg i kvardagen, slik at vi kan tilby støtte og hjelp tilpassa den enkeltes behov. Når du møter jordmor eller helsesøster, vil du ved to anledningar få utlevert eit kort spørjeskjema som kartlegg korleis du har følt deg den siste tida. Det er sjølvsagt frivillig å svare på spørsmåla. Skjemaet er brukt i mange land, og har vist seg som eit nyttig hjelpemiddel for å fange opp kvinner som er nedstemt og uroleg, noko som er heilt avgjerande for å kunne tilby deg og barnet ditt best mogeleg støtte og oppfølging. Etter utfylling av skjemaet vil helsesøster eller jordmor opne for vidare samtale rundt desse tema, slik at du får mogelegheit til å utdjupe svara dine nærare. Du vil få tilbod om fleire samtaler med helsesøster om du føler behov for det:

Meir informasjon :

Folkehelseinstituttet

Helsestasjonen Her finn du kontaktinformasjon til Helsestasjonen
Helsestasjonen
NamnStillingE-postTelefon
Bente GuntveitFagleiar helsestasjonE-post56 38 54 41 / 954 36 342
Hilde Aadland HelsesjukepleiarE-post56 38 54 57
Kate SolsvikHelsesjukepleiarE-post56 38 54 59 / 992 16 102
Gro Hege KnutsenHelsesjukpleiarE-post56 38 54 61
Kristin Hovland MisjeHelsesjukepleiarE-post56 38 54 48
Julie H. HitsøyJordmorE-post56 38 54 60
Tord PedersenUngdoms LOSE-post992 16 123
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 27.06.2016
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)