Svangerskap og fødsel

Svangerskapsomsorg er eit kommunalt tilbod til gravide for å bidra til god helse under svangerskapet.

Svangerskapskontroll på helsestasjonen (jordmortenesta) er først og fremst eit tilbod til gravide for å bidra til god helse under svangerskapet.

Kommunen skal tilby helseundersøkingar, rådgjeving, opplysningsverksemd og samlivs- og foreldrerettleiing. Øygarden kommune har ei jordmor tilsett i 50 % stilling ved Øygarden helsestasjon.

Den gravide sjølv kan velje om ho vil følgjast opp av fastlege eller jordmor, eller gjennom eit samarbeid mellom jordmor og fastlege.

Jordmor har kontordagar
Partalsveker : Mandag/Tysdag/Torsdag
Oddetalsveker : Tysdag/Onsdag

Om ein treng kontakt med jordmor andre dagar, ring 56 38 20 00.

Jordmor - kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon til jordmor i Øygarden
Jordmor - kontaktinformasjon
NamnStillingE-postTelefon
Julie Haugetun HitsøyJordmorE-post56 38 54 60
Vakttelefon måndag-laurdagJordmor481 60 999
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 19.01.2016
Fann du det du leita etter?