Rus og psykisk helse er ein del av Familiens Hus.
Målsetting
Målsettinga med rus og psykisk helsearbeid i Øygarden kommune er å bidra til å fremje sjølvstende, tilhøyring og styrkje evna til å mestre eige liv for menneske med desse utfordringane.
Menneske med rus og psykiske lidingar skal oppleva brukarmedverknad i praksis, - gjennom "anerkjennande samhandling" skal det skapast arenaer for vekst og mestring.
Målgruppe
-
Personar som bur heime og har rus og/eller psykiske lidingar
Kriterier
-
Som hovudregel må du ha bustadadresse i kommunen. Bustadlause har rett til naudsynt helsehjelp i den kommunen dei oppheld seg. Søknaden blir vurdert opp mot ditt behov for teneste.
Kva forventar me av deg?
-
At du deltar i utarbeiding av tiltaksplan, der mål, forventningar og tenestebehov blir definert.
Rus og Psykisk helseteneste samarbeider med blant anna fastlegar, Nav, Øyane DPS, psykologar, sjukehus i Helse Bergen, Bergensklinikkane, Familiens Hus (barneverntenesta, helsestasjon, PPT, familieterapeuter), vaksenopplæring, pleie og omsorg.
Korleis søkje om teneste?
Tilvisingsskjema til Familiens Hus (DOCX, 89 kB)
Det er felles søknadsskjema for Familiens Hus. Alle søknadar vert fordelt og handsama der. Du kan også ta direkte kontakt til leiar i rus og psykisk helse.
Pris
Tenesta er gratis
Korleis kan du klage?
Dersom du meiner at du ikkje får den naudsynte helsehjelpa frå kommunen, kan du klage over dette til Familiens Hus v/einingsleiar.
Rus og psykisk helse - kontaktinformasjon
Her finn du kontaktinformasjon for rus og psykisk helse
Rus og psykisk helse - kontaktinformasjon
Namn | Stilling | E-post | Telefon | Mobil |
Sølvi Dåvøy | Fagleiar | E-post | 56 38 54 43 | 930 55 017 |
Sølvi Holmedal | Psykolog | E-post | 56 38 54 66 | |
Else Skjæveland | Vernepleiar | E-post | 56 38 54 44 | 992 16 112 |
Kari R. Eide | Miljøarbeidar | E-post | 56 38 54 63 | 930 59 018 |
Christer Flagtvedt | Miljøterapeut | E-post | 56 38 54 63 | 482 32 831 |
Randi Harkestad | Ruskonsulent | E-post | 56 38 54 65 | 992 16 104 |
Rådhuset
Ternholmvegen 2