Ternholmsenteret

Ternholmsenteret omfattar eit bustadtun, dagsenter for psykisk utviklingshemma og avlastningsbustader. Ternholmsenteret er lokalisert på Tednebakkane nær omsorgssenteret.

Bustad for utviklingshemma:

Vi har i dag kommunale bustader for utviklingshemma.

Bebuarane leiger leilegheiter og får tenester ut frå enkeltvedtak eller individuelle behov etter Lov om sosiale tjenester. Tiltaket har fast bemanning og det vert ytt tenester heile døgnet.

For å få tildelt bustad må det søkjast om dette i god tid. Kjende brukarar i tiltaket er teke med i planar for Bustadsosial handlingsplan.
 

Dagsenteret:

Besøksadresse: Tjødnarvegen 51L

Dagsenteret er lokalisert på Rong og er ein del av Ternholmsenteret. Dette er eit dagsenter for vaksne utviklinshemma. Ein driv her med ulike aktivitetar, sansestimulering, Adl-trening og fysisk trening. Dagsenteret er bemanna med fast personale.

Brukarane har enkeltvedtak på tenesta ut frå Lov om sosiale tjenster, kap 4A-2

Kontaktperson for nye brukarar er rehabiliteringskonsulent.
 

Avlastningsbustad:

Besøksadresse: Tjødnarvegen 41. Sjå kart nedst på sida.

Ternholmsenteret har kommunal avlastnigsbustad lokalisert på Rong. Der yt ein varierande grad av avlasting for barn med ulike hjelpebehov. Avlastningsbustaden har heildøgns bemanning.

Avlatingsbustaden kan og nyttast til butrening for unge utviklingshemma som skal førebu seg til å flytte i eigen bustad. Slike tiltak vil bli nytta til kartlegging av hjelpebehov i eigen bustad.

Avlastingsbustaden er heimla etter Lov om sosiale tjenester Kap.4.2 og barna får avlasting ut frå individuelle behov.

Kontaktperson for nye brukarar er rehabiliteringskonsulent.

Søknadskjema - Alle helse og omsorgstenester


Avlastning vert gjeven som:
* Avlastning i kommunal bustad/institusjon
* Privat avlastning/besøksheim

Artikkel: Dei ansatte ville endra turnus
 

Kart
Ternholmsenteret
Ternholmsenteret Her finn du kontaktinformasjon til Ternholmsenteret
Ternholmsenteret
TernholmsenteretTelefonE-post
Kristin Straume - Avd.leiar56 38 51 50E-post
Bustadtun56 38 51 50
Dagsenter56 38 51 58
Rehabiliteringskonsulent - Kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon til rehab.konsulenten.
Rehabiliteringskonsulent - Kontaktinformasjon
NamnStillingTelefonE-post
Eva Bildøy KronheimRehab. konsulent56 38 23 05E-post
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.03.2018
Fann du det du leita etter?