Tekniske hjelpemiddel

Kommunen si helseteneste skal omfatte blant anna medisinsk habilitering og rehabilitering. Formidling av tekniske hjelpemiddel for å betre dagleg funksjonsevne inngår i denne tenesta.

Tekniske hjelpemiddel er ein gjenstand eller eit tiltak som kan vere med på å redusere praktiske problem i kvardagen. Formålet med tekniske hjelpemiddel er å betre funksjonsevna til den enkelte, samt å auke evna til sjølvhjelp og å lette pleie i heimen. Ansvaret for tekniske hjelpemiddel er delt mellom kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral.

Snarveg: Kvardagsrehabilitering

Søknadsskjema - Hjelpemiddel

Korttidsutlån:

Kommunen har ansvar for utlån av tekniske hjelpemiddel der behovet er akutt, av kortvarig karakter, det vil seie under 2 år, eller i påvente av utlån frå hjelpemiddelstentralen. Utlånet skjer frå det kommunale lageret for tekniske hjelpemiddel. Dette lageret inneheld enkelt, alminneleg utstyr som til dømes toalettforhøgarar, gårollatorar, sjukeseng og standard rullestolar. 

Korttidsutlån av tekniske hjelpemiddel vert administrert av ergoterapitenesta.
 

Varig utlån:

NAV Hjelpemiddelsentral har det overordna ansvaret for varig utlån av tekniske hjelpemiddel, det vil seie når behovet for utlån er over 2 år. Varig utlån av tekniske hjelpemiddel må søkast om til NAV Hjelpemiddelsentral på eigne skjema. Øygarden kommune har fagpersonar som kan bistå med dette. Kommunen har også ansvar for alle ledd i formidlingsprosessen, her under mellom anna avdekking og utgreiing av behov, utprøving og tilpassing, utlevering og oppfølging av tekniske hjelpemiddel som er utlånt frå NAV Hjelpemiddelsentral, jfr. Forskrift om habilitering og rehabilitering og Forskrift om hjelpemiddelsentralens virksomhet og ansvar.

Korttidsutlån av tekniske hjelpemiddel vert administrert av ergoterapitenesta og heimesjukepleien.

Ved varig behov for syns- eller hørselshjelpemiddel, kan syns- og hørselskontaktane treffast på telefon 56382394 (Tednebakkane omsorgssenter), eller kommuneergoterapeuten.


Vaktmeister: 

Øygarden kommune har vaktmeister som utfører arbeid med utlevering, montering, reparasjon og henting av tekniske hjelpemiddel. Teknisk drift og servise kan kontaktast på telefon 56382000.

Ved akutt behov for reparasjon utanom vanleg arbeidstid for vaktmester, kan ein kontakte NAV Hjelpemiddelsentral på deira akutttelefon: 991 58 008.

Det vert elles vist til "Tenestestandard for tekniske hjelpemiddel" i Pleie- og omsorgsplanen (PDF, 266 kB).

Ergoterapi - Heimesjukepleie - kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon til ergoterapeut og heimesjukepleien.
Ergoterapi - Heimesjukepleie - kontaktinformasjon
NamnStillingEr og treffaE-postTelefon
Margunn DyrøyLeiande ergoterapeutAlle dagarE-post932 43 963
Cathrine Storeide HansenErgoterapeutMån, ons, torE-post900 75 710
Heimesjukepleien56 38 23 00
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.03.2018
Fann du det du leita etter?