Legemiddelassistert rehabilitering LAR

Legemiddelassistert Rehabilitering er eit friviljug tilbod til opiatmisbrukarar. I Noreg vert tilbodet regulert av retningliner gitt av Sosial- og Helsedepartementet. Målsettinga med LAR er fridom frå rus, yrkesmessig og sosial rehabilitering samt betre helse og auka livskvalitet.

Rehabiliteringa vert basert på individuell tilrettelegging ut frå søkjar sine ressursar og funksjonsevne.

Føresetnad for LAR

Rehabiliteringa skal etablerast lokalt i søkjar sin heimkommune og skal organiserast gjennom forpliktande samarbeid mellom NAV, fastlege og LAR-sentra. Behandlingsutfallet er mellom anna avhengig av kvaliteten på dette samarbeidet. Ein annan føresetnad for å lukkast, er langsiktig planlegging og involvering frå adekvate instansar. I Øygarden kommune vert dette løyst gjennom individuell plan. Øygarden kommune har også eigne rutinar knytt til innbyggarar som søkjer og har fått innvilga LAR.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 06.07.2017
Fann du det du leita etter?