Heimesjukepleie

Målgruppa er personar som bur eller mellombels oppheld seg i Øygarden kommune som ikkje klarar seg på eiga hand og som treng helsehjelp. Hjelp kan til dømes vere hjelp til personleg hygiene, mat, sårstell, medisiner etc .

Snarvegar: Søknad heimesjukepleie - Tenestestandard (PDF, 131 kB)

For å søkje om heimesjukepleie kan brukaran eller pårørande ta kontakt på telefon eller gjere bruk av søknadsskjema.

Søknadsskjema - Heimesjukepleie

Søknadsskjema får ein også ved å venda seg til heimetenesta direkte, i resepsjonen Tednebakkane omsorgssenter eller på Servicetorget på rådhuset.

Når søknaden er motteken, vert det avtala eit heimebesøk for vurdering av behov. På heimebesøket kjem sakshandsamar saman med fagleiar eller ein sjukepleiar i heimetenesta.

Øygarden kommune har god kompetanse innan pleie og omsorg i livets siste fase. Denne kompetanse gjev brukarar høve til å velgja å få vera i heimen i livets sluttfase. Rettleiing og fagleg oppfølgjing vert gjeve av spesialutdanna sjukepleiarar.

Heimetenesta Her finn du kontaktinformasjon fagleiar, heimetenesta.
Heimetenesta
HeimetenestaTelefonE-post
Fagleiar: Brit Larsson56 38 23 00E-post
Fellesnummer56 38 23 00
Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 05.01.2016
Fann du det du leita etter?