Fysioterapi og ergoterapi

Fysio- og ergoterapiavdelinga er ein del av helsetilbodet i Øygarden kommune, og avdelinga er organisert under eininga pleie og omsorg. Avdelinga har tre fysioterapeutar og to ergoterapeutar, og dei arbeider med menneske i alle aldersgrupper, som grunna sjukdom, skade eller funksjonsvanskar treng hjelpetiltak.

Fysio- og ergoterapiavdelinga er lokalisert på rådhuset på Rong. Kart og kontaktinformasjon finn du nedst på sida.

Aktuelle arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Kartlegging av funksjonsnivå
  • Kartlegging og vurdering av hjelpebehov
  • Rettleiing av brukarar, pårørande eller anna personell
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Opptrening av funksjonsnivå
  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel. Dette skjer i nært samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral.
  • Tilpassing av bustad
  • Habilitering og rehabilitering
  • Samarbeid med andre kommunale tenester, som til dømes barnehage, skule, helsestasjon, heimeteneste, dagsenter for eldre og institusjon, og samarbeid med spesialisthelsetenesta.

Fysio- og ergoterapeutene er med i kommunen sitt arbeid med habilitering og rehabilitering, velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering, og frisklivsentralen.

Ved Rong senter finn ein manuellterapeut Kyrre Tveit. Kontaktinformasjon finn ein under.

Ergoterapitenesta
Tekniske hjelpemiddel
 

Rehabiliteringstenesta - kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon til rehab.tenesta.
Rehabiliteringstenesta - kontaktinformasjon
NamnStillingE-postKontortlfMobil
Synnøve Øvrebø JohnsenFagleiarE-post56 38 54 54468 31 028
Katrine Knotten HalsenFysioterapeutE-post56 38 54 75992 16 125
Linn Løtvedt KirkeliFysioterapeutE-post56 38 54 74476 71 337
Kristi SolbergFysioterapeutE-post56 38 54 52992 16 097
Margunn DyrøyLeiande ergoterapeutE-post56 38 54 55932 43 963
Sindre ErstadErgoterapeutE-post913 62 188
Helene Forberg LefevrProsjektleiar rehabE-post906 29 025
Manuellterapi - Kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon for manuellterapeuten.
Manuellterapi - Kontaktinformasjon
NamnTelefonAdresse
Kyrre Tveit934 53 945Rong senter, 5337 Rong
Kart
Rådhuset
Ternholmvegen 2
Adresse
Adresse
BesøksadressePostadresse
Øygarden rådhus, Ternholmvegen 2, RongTernholmvegen 2, 5337 Rong
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 26.01.2018
Fann du det du leita etter?