Folkehelse i Øygarden kommune

«God helse har den som har evne og kapasitet til å meistra og tilpassa seg livet sine uunngåelege vanskar og kvardagens krav»  ( Peter Hjort sin definisjon av helse 1995)

Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for  å styrkja dei faktorar som fremmar helse og trivnad, ved å redusera dei faktorane som medfører helserisiko og beskytte mot ytre helsetruslar.


Snarvegar: Legetenesta - Folkehelsekoordinator - Frisklivsentralen

Natur bilete - sjø og svaberg - Klikk for stort bilete Kommunen skal gjere sitt til for at innbyggjarane opplever at kommunen er ein god plass å bu, arbeide og vekse opp i. Ein skal leggje til rette for at innbyggjarane får fleire leveår med god helse.

Å redusere livsstilssjukdomar er eit satsingsområde for kommunen. Fysisk aktivitet, sunt kosthald, fråvær av røyking er dei viktigaste områda for å motverka slike sjukdomar.

Kommunen må saman med innbyggjarane i kommunen leggje tilrette for gode helseval på ulike arena, som t.d. i barnehagar, skular, SFO, idrett og friluftsliv. Tilrettelegging av turstiar som innbyr til turar i skog og mark, treningsarenaer for ulike aldersgrupper er òg døme på viktige satsingsområder.

Å leggje til rette for gode helseval er ei føresetnad for at den einskilde skal kunne ta meir ansvar for eiga helse.

Kommunen ynskjer òg å leggje til rette for eit sektorovergripande arbeid med vekt på psykisk helse og rusforebyggjande arbeid retta mot born og unge.

At menneske skal meistra liva sine fordrar ei auka satsing på psykisk helse. Dette perspektivet er viktig å ha med i folkehelsearbeidet framover, og inkluderast som ein likeverdig del av folkehelsearbeidet.

Les meir om:

Folkehelserapport 2015 (PDF, 4 MB).

Folkehelsekoordinator Her finn du kontaktinformasjon til folkehelsekoordinatoren.
Folkehelsekoordinator
 E-postTelefonStad
Bente GuntveitE-post56 38 54 41 / 954 36 342Øygarden rådhus
Adresse
Adresse
BesøksadressePostadresse
Øygarden rådhus, Ternholmvegen 2, RongTernholmvegen 2, 5337 Rong
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 20.01.2017
Fann du det du leita etter?