Kva er bustøtte?
Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.
Kor er bustøttekontoret i kommunen?
Besøksadresse: Servicetorget, Øygarden rådhus, Ternholmvegen 2
Postadresse: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Sjekk om du kan få bustøtte?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva for krav som gjeld for bustaden og kva grenser for inntekt som gjeld. Du kan også prøve bostøttekalkulatoren.
Sjekk om du kan få bustøtte
Søk bustønad
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.
Søk bustønad
Meld frå om endringar
Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.
Meld frå om endringar
Klage på vedtak om bustøtte
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket
Klage på vedtak om bustøtte
Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken.no
Du kan også vende deg til kommunen for å få hjelp og rettleiing.
Regelverk
• Lov om bustøtte
• Forskrift om bustøtte
Andre støtteordningar i samband med bustad
• Startlån
• Budstadtilskot
Opningstider - Rådhuset/Servicetorget
Her finn du informasjon om opningstider for Rådhuset/Servicetorget.
Opningstider - Rådhuset/Servicetorget
Dag | Opningstid | Tlf |
Måndag - fredag | 08.00 - 15.30 | 56 38 20 00 |