Vassforsyning

Øygarden kommune står for vassforsyninga i kommunen. Innbyggjarane får vatn frå 2 vassverk i kommunen.

Snarvegar: Vakttelefonar

Rekkja av øyar som utgjer Øygarden kommune strekker seg 30-35 km nord-nordvestover frå "Svelgen", grensa mot Fjell i sør, til Hernar/Nordøy yttarst mot Fedjeosen. Kommunen leverer vatn til over 99% av busetnaden, dei fleste fritidsbustadane og store mengder til industrien. Den totale produksjonen tilsvarar om lag eit innbyggjartal på 15 000.

På det vesentlegaste av denne strekninga er det i dag etablert leidningsnett for framføring av drikkevatn.Samankopling for å gje eit samanhengande nett frå sydspissen av Toftøy i sør, til Hernar i nord (totalt ca 30 km) er planlagd utført i 2014. Det manglar i dag berre omlag ca 2,5 km frå Oen til Nordre Straumsundet (Tjeldstø).

Historisk er vassverka utvikla i samsvar med behovet lokalt, i hovudsak på den øya kvart vassverk har vore etablert. Vassverka er difor fordelt over heile kommunen si geografiske utstrekning, med unnatak av Rong, kor det ikkje finns tilfredsstillande vasskjelde.

Fleire faktorar har ført til at fleire vasskjelder er teke ut av produksjon og no berre fungerer som krisevassverk, mellom anna algeoppblomstring, høgt fargetal, auka forbruk og strengare krav. Fram til 2000 var det ingen reinseanlegg i kommunen. Vatnet vart sikra med to uavhengige hygieniske barrierar med hjelp av klor og UV. Toftøy vassverk vart bygd med membranfilteranlegg men sett ut av produksjon i 2013 grunna algeoppblomstring. Alvheim vassverk er eit ozon/biofilter anlegg frå 2009. Nye Blomvåg vassverk med fellingsanlegg (Moldeprosess) vart teken i bruk frå juni 2017.

Kommunen vil vera forsynt av to anlegg og sikra med fleire høgdebasseng. Kommunen har ei stor folkevekst samt industri og forsyningsanlegg som har stor trong for vatn.

For å sikre ei framtidig god forsyning er det vedteke eigen hovudplan for vatn og eiga norm for leidningsnettet i vassforsyninga.

- Hovudplan for vassforsyning 2013-2017 (PDF, 2 MB)
- Årsrapport vassforsyning 2016 (PDF, 2 MB)
- Oversiktskart vassverka (PDF, 185 kB)
- Alvheim vassverk - brosjyre (PDF, 8 MB)

Vatn og avløp FjellVAR driftar vatn, avløp og renovasjon for Øygarden kommune frå 01.05.18. Her finn du kontaktinformasjon til FjellVAR.
Vatn og avløp
NamnTelefon
Ekspedisjon56 31 59 30
Vakttelefon992 16113
E-postpostboks@fjellvar.as
Heimesidewww.fjellvar.as
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 02.06.2017
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)