Avlaup

Kommunale tenester knytt til offentleg vatn og avløp vert levert gjennom selskapet FjellVAR (vatn, avløp og renovasjon). Selskapet sørgjer dessutan for tømming av private slamavskiljarar.

Informasjon om avløp frå FjellVAR

Feilmelding

For feil og manglar i avløpssystemet, kontakt FjellVAR sin vakttelefon 992 16 113.

 

Pris

Gebyr for offentleg vatn, avløp og renovasjon vert fakturert av Øygarden kommune.

Gebyr og brukarbetalingar for Øygarden kommune

Her finn du opningstider og prisar for levering på gjenvinningsstasjonen på Straume.

 

Avløpsanlegg

FjellVAR etablerer, driftar og held vedlike offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Formålet er å samla opp avløpsvatn, transportera vatnet til eigna reinseanlegg og sjøresipient. Avløpsvatn betyr her vatn frå bustadar og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn.

Som hovudregel skal busetnad og verksemder vera kopla til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning (offentleg). Kommunen eller fylkesmannen gjer enkeltvedtak om utbetring ved forureining frå private stikkleidningar og anlegg.

 

Om FjellVAR

Selskapet skal stå for forvalting, planlegging, utbygging og drift av vass- og avløpsanlegga i Fjell kommune, og skal vere ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall.

FjellVAR sørgjer for å levere drikkevatn av svært god kvalitet, og dei tek hand om avløpsvatnet og reinsar dette. FjellVAR byggjer ut nye anlegg for vassforsyning og avløpshandtering. Heile aktiviteten blir finansiert gjennom vass-, avløps- og renovasjonsgebyra.
 

Vatn og avløp FjellVAR driftar vatn, avløp og renovasjon for Øygarden kommune frå 01.05.18. Her finn du kontaktinformasjon til FjellVAR.
Vatn og avløp
NamnTelefon
Ekspedisjon56 31 59 30
Vakttelefon992 16113
E-postpostboks@fjellvar.as
Heimesidewww.fjellvar.as
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 15.05.2018
Fann du det du leita etter?