Kommunale tenester knytt til offentleg renovasjon vert frå 01.05.18 levert gjennom selskapet FjellVAR (vatn, avløp og renovasjon). Selskapet er ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall, i tillegg til planlegging, utbygging og drift av 18 returpunkt og ein gjenbruksstasjon.

Snarvegar: Farleg avfall - Renovasjonsforskrifta (PDF, 85 kB)

Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knyter eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling.
 

Kommunale tenester knytt til offentleg vatn og avløp vert levert gjennom selskapet FjellVAR (vatn, avløp og renovasjon). Selskapet sørgjer dessutan for tømming av private slamavskiljarar.

Informasjon om avløp frå FjellVAR

  • Kommunen sine tenester knytt til brannvern og feiing er lagt til Øygarden brann og redning IKS.
  • Selskapet har m.a. ansvar for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, innsatsstyrke ved brann og ulykker og førebyggjande informasjon.

Her finn du meir informasjon om brannvern og feiing på nettsida til Øygarden brann og redning IKS

Naudnummer ved brann: 110

Slamtømegebyr er eit gebyr du må betale for den tenesta kommunen utfører med å ta seg av kloakkslam frå eigedommen din. Alle eigedommar som ikkje er tilknytt kommunalt avløpsnett, skal vere tilknytt slamavskiljar (septiktank) pga. at ein ikkje har høve til å sleppe kloakken frå eigedommen rett ut i naturen

Øygarden kommune står for vassforsyninga i kommunen. Innbyggjarane får vatn frå 2 vassverk i kommunen.

Snarvegar: Vakttelefonar

Det kommunale vegnettet som skal brøytast i Øygarden kommune er delt inn i 3 rodar. Til saman utgjer dette 33 km.

Kontraktsperioden startar 15. oktober og strekkjer seg til 15.april året etter.

Øygarden kommune får månge telefonar vedrørande brøyting. Her kan du finne telefonnummer til brøytemannskapa og lese hovudmomenta i kommunen sin brøyteberedskap.

Overnatting i skular, barnehagar, forsamlingshus og andre bygningar som ikkje er berekna for overnatting, reknast som unormal risiko etter brannlovas § 7 og førebyggjande forskrift § 3-6. Det skal då gjelde sikkerheitsreglar som både utleigar og leigetakar må følgje.

Ved tilkopling til offentleg vatn- og avlaupsanlegg skal det søkjast til kommunen om dette. Det må søkjast både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal tilkoplast det offentlege vatn- og avlaupsanlegget.

Fann du det du leita etter?