Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Kommunen løyver tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er er å fremje natur- og kulturminneverdier i kulturlandskapet samt redusere ureining frå jordbruket, utanom det ein kan vente gjennom vanleg landbruksdrift.

SMIL-ordninga er heimla i eiga forskrift og kommunen har vedteke at tildeling skal skje i samsvar med tiltaksstrategi som er ein del av ”Strategisk landbruksplan” . Dette er tilsvarande som er gjort tidlegare år.

Eksempel på kva ein kan søkja om tilskot til:

(sjå søknadsskjema for utfyllande detaljar)
• Fellestiltak/tilrettelegging
• Ferdselstiltak i landbruket
• Biologisk mangfald
• Beiterydding, inngjerding.
• Restaurering av verneverdige bygningar i landbruket
 

Kven kan søkje:

Tilskot kan gjevast til føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom eller til einkvar som er registrert i Einingsregisteret og som har fått tillating av landbrukseigedomen sin eigar til gjennomføring av prosjekt eller tiltak. skal nyttast. Som vedlegg til skjemaet skal det vere ein omtale av prosjektet, kartutsnitt og kostnadsoverslag.
 

Krav til søknad:

(sjå punkt 5 i rettleiing for utfyllande detaljar)
• Oversiktskart som syner kvar tiltaket er planlagt gjennomført
• Fotografi som syner areal, bygningar osv.
• Miljøplan trinn 2 for føretak som mottek produksjonstilskot
• Skriftleg godkjenning/avtale dersom søkjar ikkje sjølv eig landbrukseigedomen

Felles tiltaksstrategi for tilskot til miljøtiltak i landbruket 2012-2015 (PDF, 675 kB).

Kommunen har disponibelt kr 30.000,- til denne ordninga

Søknadsskjema (PDF, 165 kB). Det er viktig at søknadsskjemaet er utfylt i samsvar med krav til søknad. Ta gjerne kontakt med avdelinga  for nærare opplysningar.

Søknadsfrist 31. mai kvart år. Det er kommunen som har vedtaksmynde. 

Les meir på Landbruksdirektoratet sine sider

Landbruk og miljø Her finn du kontaktinformasjon for landbruk og miljø.
Landbruk og miljø
NamnTittelE-postTelefon
Inger-Lise Oen Hellesund SæleSakshandsamarE-post56 38 53 49
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 12.04.2018
Fann du det du leita etter?