Deling og registrering av grunneigedom

Ved frådeling av eigedom eller anleggsgrunn, ny festegrunn for meir enn 10 år eller overføring av areal, må det søkjast kommunen om løyve. Eit slikt løyve er trinn éin i saksbehandlingsprosessen etter reglane i plan- og bygningslova.

Skjema

Oppmålingsforretning - Rekvisisjon (etter matrikkellova)
Oppmålingsforretning - Rekvisisjon (etter Plan- og bygningslova)

Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden handsamast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova § 19. Søknaden må grunngjevast.

Trinn to omfattar gjennomføring av ei oppmålingsforretning etter reglane i matrikkellova. Den nye eininga blir då avmerka i terrenget, oppmålt og registrert i matrikkelregisteret med eige gards- og bruksnummer.

Ein del mindre areal kan grensejusterast direkte utan at saka først treng handsamast av reguleringsavdelinga. Det er opp til kommunen å vurdera kva saker som ikkje treng handsamast etter Plan- og bygningslova.

Målgruppe

Oppretting av ein matrikkeleining kan blant anna krevjast av:

  • den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom, anleggseigedom
  • den som ved rettskraftig avgjerd frå domstolane er kjend som eigar eller festar, eller er tilkjend rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eiga matrikkeleining
  • den som lovleg har teke over grunn eller anlegg ved oreigning (ekspropriasjon)
  • den som har innløyst festegrunn etter føresegnene i lov om tomtefeste.

Vilkår

Søknad om løyve til tiltak skal sendast inn ved:

  • oppretting av grunneigedom eller anleggseigedom
  • oppretting av festegrunn for meir enn 10 år
  • overføring av areal frå éin eigedom til éin annan.

Lenker:

Plan og bygningslova
Statkart
Lov om eigedomsregistering

Rettleing om deling av grunneigedom.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 07.06.2016
Fann du det du leita etter?

Jannicke Oen Algerøy

E-post :  
 

 

Artikkel (2)