Skorstein og eldstad

Dersom du har montert ny eldstad skal melding om dette sendast Øygarden brann og redning IKS.  

Større endringar med fyringsanlegget, som til dømes rehabilitering av skorstein, er søknadspliktig og må søkast om til kommunen som fyringsanlegget står i.

Registrering og nymontering av eldstad

Montering av eldstad skal meldast til Øygarden brann og redning IKS. Eldstaden skal og må være fagmessig montert for at sikkerhet og funksjon er tatt vare på.
Les meir på sidene til Øygarden brann og redning IKS

Rehabilitering av skorstein

Rehabilitering av skorstein er eit søknadspliktig tiltak. Mindre utbetringar reknast som vedlikehald og krev ikkje søknad.

Som døme på vedlikehald kan vere at ein river ned den delen av skorsteinen som er over tak, for så å bygge denne opp igjen. Ein bruker då same type materiale og endrar ikkje på sjølve utforminga av skorsteinen. 

Større endringar av skorsteinen som til dømes nedsetting av foringsrør reknast som rehabilitering og gir ein ny skorstein med nye eigenskapar og godkjenningar. Her er det fleire godkjente løysingar og produkt på markedet. Skal du rehabilitere skorsteinen er det viktig at produktet du vel dekker behova dine og gir ei løysing som er sikker i bruk og som fungerer hos deg.

Rehabilitering av skorstein er eit søknadspliktig tiltak. Her må søknad sendast til kommunen.

Normalt skal skjema/blankett 5174 og 5175 nyttast.

For rehabilitering av skorstein er det ynskjeleg med ansvarsrett frå profesjonelt føretak: skjema/blankett 5181.

For rehabilitering av innvendig pipe er det ikkje nødvendig med nabovarsling, men det kan vere greitt å avtale dette på førehand med sakshandsamar.  

Alle skjema finn du på www.dibk.no:

Øygarden brann og redning IKS Her finn du kontaktinformasjon til Øygarden brann og redning IKS
Øygarden brann og redning IKS
NamnTelefon
Telefon56 33 40 10
Vakttelefon934 41 998
E-postpost@oybr.no
AdministrasjonsavdelingaKontaktinfo
Les meir om selskapetEiga nettside
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 10.04.2018
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)