Bygging

Frå 1. juli 2015 trer det i kraft ei rekkje endringar i plan- og bygningslova med forskrifter. Endringane inneber at dagens regelverk vert enklare, og gjev fritak for fleire tiltak frå søknadsplikt. Når tiltaka ikkje lenger er søknadspliktige, vil nabo heller ikkje få nabovarsel om byggjearbeida eller ha klagerett.
Les meir om forenkling av byggereglane.

Vi jobbar med å oppdatera nettsidene våre som vert berørte av dei ny reglane.

Må du søkje? Prøv vegvisaren: Bygg utan å søkje

Informasjon til tiltakshavar og søkjar - nye byggereglar:

Sjølvbyggar – Kva er unnateke og kva må du søkje om (PDF, 63 kB)
Kva må vere i orden for at du skal kunne bygge garasje eller små tilbygg utan å søkje (PDF, 63 kB)
Byggje sjølv - Mindre byggearbeid på bebygd eigedom (PDF, 47 kB)
Situasjonsplan (PDF, 691 kB)
Teikningar (PDF, 257 kB)
Nabovarsel (PDF, 54 kB)
Dispensasjon (PDF, 62 kB)
Tilbygg til bustad (PDF, 91 kB)
Garasje, bod ol (PDF, 67 kB)
Veranda, balkong og terrasse (PDF, 62 kB)
Gjerde og levegg (PDF, 67 kB)
Forstøtningsmur (PDF, 63 kB)

Bygningar eller tilbygg unnateke søknadsplikt må meldast

Hugs at bygningar eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt skal meldast.
Bruk skjema: Melding til kommunen om bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt

Skjema

Byggesaksblankettar (skjema) finn du her.

Gebyr

Kommunale gebyr og brukarbetalingar (PDF, 329 kB).

Planar:

Her finn du lenker til reguleringsplanar og kommuneplan.

Dette må du undersøkja før du set i gang !

Reguleringsplan:

Dersom din eigedom er regulert må du sjekke reguleringskart og planføresegner. Medfører tiltaket at utnyttingsgraden vert overstige, er det søknadspliktig. Det er viktig å sjekke eventuelle estetikkføresegner, kva arealføremål eigedomen er regulert til m.v.

Kommuneplan:

Dersom eigedomen din ikkje er regulert er det kommuneplanen sin arealdel som gjeld. Kva reglar som gjeld for din eigedom går fram av plankartet og føresegnene. Av plankartet går det fram blant anna arealføremålet for eigedomen.

Byggegrense mot offentleg veg:

Dersom tiltaket skal plasserast nærmare offentleg veg enn 50 meter, må du alltid undersøkja om tiltaket er i strid med byggegrense mot veg.

Anna regelverk:

Tiltaket kan ikkje være i strid med plan- og bygningslova eller anna regelverk. Det betyr at veglova (for uregulert kommunal veg) og forskrifter knytt til plan- og bygningslova også må haldast.

Det er du som har ansvar og risiko for at tiltaket er i samsvar med plan og anna regelverk. Tiltak oppført i strid med plan eller lov vil bli fylgt opp som ulovlegheitssaker fra kommunen si side. Tiltakshavar vil ikkje bli høyrt med at ein ikkje har kjent til eller har misforstått reglane.

Byggesakshandsamarar
Byggesakshandsamarar
NamnE-postTelefon
Erling TeigE-post56 38 53 52
Anne Berit BirkelandE-post56 38 53 61
Her finn du kontaktfinformasjon for tilsette i byggesaksavdelinga.
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 24.04.2017
Fann du det du leita etter?

Øyvind Lunde

Einingsleiar - Teknisk plan og forvaltning
E-post :  
 

 

Eining (1)