Samliv

høgre kant finn du lenker til offentleg informasjon om temaet samliv mellom anna kva skjema du treng for ekteskap.

Familievern
Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebygging og oppfodrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste. 

Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt næraste familievernkontor.

Familievernkontoret på Straume finn du på Straume helsesenter. Familievernkontoret tilbyr gratis parterapi, familieterapi og mekling ved samlivsbrudd. Du kan sjølv ta kontakt med kontoret over telefon eller e-post.
Kontoret dekkar kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden og bydelane Laksevåg og Loddefjord i Bergen.

Telefon: 46 61 91 40
E-post: familievernkontoret.straume@bufetat.no


Familiesenteret i Øygarden kan også kontaktast.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 15.12.2015
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)