Incestsenter

Beskriving

Du kan ta direkte kontakt med eit incestsenter. Dei tilsette har teieplikt og tilbodet er gratis. Incestsenteret gjev tilbod til vaksne og ungdommar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep som born. Også føresette og eventuelle partnarar kan vende seg til incestsenteret. Incestsenteret driv òg førebyggjande arbeid gjennom undervisning og informasjonsarbeid.

Tilbodet til incestsenteret omfattar m.a.:

  • Einesamtalar
  • Trening i å byggje relasjonar til andre menneske
  • Sjølvhjelpsgrupper der ein arbeider seg gjennom kjensler saman med andre. Brukarane hjelper kvarandre i prosessane - både med å kome ut av fastlåste mønster og å ta ansvar for eige liv 

Oppdatert

28.09.2017 17:15

Målgruppe

  • Personar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep
  • Foreldre og pårørande til born som utsetjast for overgrep

Referansar

Sist endra 02.08.2019
Fann du det du leita etter?