Hjelpetiltak i barnevernstenesta

Etter banevernsloven § 3-1 har kommunane eit ansvar for å følgje nøye med i dei forhold barn lever under, og har ansvar for å finne tiltak som kan førebyggje omsorgssvikt og atferdsvanskar.

Snarvegar: Barnevern og familievern - Bekymringsmelding
 

Utgangspunktet: barn skal vekse opp hos sine biologiske foreldre.

Hjelpetiltaka er frivillige. Dei som har dagleg omsorg må samtykke.

Vi legg vekt på å få til eit godt samarbeid med foreldre.

Aktuelle hjelpetiltak:
- Støttekontakt og tilsynsførar
- Besøksheim og avlastingsheim
- Økonomisk stønad som hjelpetiltak
- Foreldrerettleiing

Etter samtykke frå foreldra samarbeider barnevernstenesta med andre om tiltak slik som barnehagar, skular, PP-tenesta og helse.

Dette legg barnevernstenesta vekt på i arbeidet sitt:
- Omsyn for barnet sitt beste
- Utvikla godt samarbeid med foreldre
- Hjelp til sjølvhjelp, å gi støtte til foreldre slik at dei klarer oppgåvene sine
- Rett hjelp til rett tid
- Vera opne overfor foreldre i barnevernsaker
- Teieplikt
- Tverrfagleg samarbeid

Kva kan barnevernstenesta hjelpa med:
- Skaffa besøksheim, avlastingsheim og støttekontaktar
- Gi råd og rettleiing i høve til oppseding, fritid med meir
- Vise til andre hjelpetiltak
- Tilrå plass i barnehage eller skulefritidsordning
- Gi støtte til fritidsaktivitetar, ferietiltak m.m
- Foreldrerettleiing til dømes ved samlivsvanskar eller ved samlivsbrot

Støttekontakt og besøksheim/ avlastingsheim er gratis for foreldra.

Barnevern Her finn du Kontaktinformasjon for barnevernet.
Barnevern
 StillingE-postTelefonMobil
Hilde Martinussen LønøyBarnevernskonsulentE-post56 38 54 49992 16092
Anita Golten FinnsåsBarnevernskonsulentE-post56 38 54 50992 16115
Stine KristensenBarnevernskonsulentE-post56 38 54 48992 16116
Mona M. AasenBarnevernskonsulentE-post56 38 54 51992 16091
Kathrine SnekkevikBarnevernskonsulentE-post56 38 54 47
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 15.12.2015
Fann du det du leita etter?