Fosterheim

"Bli fosterforeldre"- plakat - Klikk for stort bilete

Nesten alle barn får vere saman med vener. Men det finst unntak.

Plakat - Klikk for stort bilete

Det finst foreldre som er i ein så vanskeleg situasjon at dei ikkje klarer å dekkje viktige behov for borna. Og nokre familiar isolerer seg så mye at det går alvorleg ut over både skulearbeid, leik og sosialt samspel. Dersom det ikkje er mogeleg å hjelpe familien heime, kan løysinga vere at barnet i ein kortare eller lengre periode får komme i fosterheim.

Utfordringa er å finne eit

Det er mangel på fosterforeldre i Noreg, og nokre barn må vente for lenge på ein ny heim. No søkjer vi menneske som kunne tenkje seg å bli fosterforelder. Kva blir kravd? Det desse barna har behov for, er å komme i ein heim kor dei får oppleve tryggleik og omsorg, og kor venjebesøk, fritidsaktivitetar og leksehjelp er ein del av kvardagen. Det betyr ikkje at det er enkelt å vere fosterforelder.

Eit barn som har hatt ein vanskeleg oppvekst treng mykje merksemd, og fosterforeldre må derfor ha eit stort overskott av tolmod og pågangsmot. Kven kan bli fosterforelder? Både gifte, sambuarar, likekjønna par og einslege kan melde seg - det som avgjer, er evna til å gje omsorg. Vaksne frå barnet sin familie eller nære nettverk kan også bli fosterforelder, og vi treng både etnisk norske og ikkje-etnisk norske fosterheim. Det er ei stor avgjerd å bli fosterforelder, og det er mykje som skal ordnast før barnet kjem til ein ny heim. På nettsidene våre har vi samla informasjon - om prosessen, om opplæring og om kvardagen til fosterforelder. Under finn du kontaktinformasjon for Familiens Hus i Øygarden kommune. Vend dykk til Barnevernet viss du ynskjer å verta fosterforelder.

Veiledande satsar for fosterheim og besøksheim.

Les meir på www.fosterhjem.no

Familiens Hus Her finn du kontaktinformasjon til einingsleiar og fagleiarar i Familiens Hus.
Familiens Hus
NamnStillingE-postTelefon
Anna Nesje NesEiningsleiar/fagleiar familiesenterE-post56 38 54 40/ 928 15 996
Kjersti Jarlind SolheimFagleiar PPTE-post56 38 54 46
Sølvi DåvøyFagleiar rus og psykisk helseE-post56 38 54 43/ 930 55 017
Gerd Elin MarxFagleiar barnevernE-post56 38 54 47/ 992 16 093
Bente GuntveitFagleiar helsestasjonE-post56 38 54 41/ 954 36 342
Bente GuntveitFolkehelsekoordinatorE-post56 38 54 41/ 954 36 342
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 15.06.2017
Fann du det du leita etter?