Besøksheim

Å være besøksheim inneber å ta imot barn eller ungdom ein eller fleire helger per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ein støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåve. Besøksheim skal ikkje erstatte barnet sin heim hjå biologiske foreldre, men være ein ekstra ressurs for barnet og ein støtte til foreldra.

Kven kan bli besøksheim

Einslege og par med og utan barn kan være besøksheim.

Kriterier

Det vert ikkje sett krav om formell utdanning for å bli besøksheim, det er personleg dugleik og engasjement ein vektlegg. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar med husrom og hjarterom.

Vilkår

For å blir godkjent som besøksheim må ein legge fram politiattest i samsvar med reglane i lov om barnevernteneste § 6-10.

Betaling/lønn

Besøksheim får godtgjering etter satsar vedtatt i kommunenes sentralforbund. Satsane vert regulert årleg.

Kommunen vil vanlegvis avertere etter besøksheim når det er behov. Du kan ta kontakt med barneverntenesta om du har spørsmål. Ønskjer de å vera besøksheim kan du senda søknad.

Søknadsskjema - besøksheim
 

Barnevern Her finn du Kontaktinformasjon for barnevernet.
Barnevern
 StillingE-postTelefonMobil
Hilde Martinussen LønøyBarnevernskonsulentE-post56 38 54 49992 16092
Anita Golten FinnsåsBarnevernskonsulentE-post56 38 54 50992 16115
Stine KristensenBarnevernskonsulentE-post56 38 54 48992 16116
Mona M. AasenBarnevernskonsulentE-post56 38 54 51992 16091
Kathrine SnekkevikBarnevernskonsulentE-post56 38 54 47
Adresse
Adresse
BesøksadressePostadresse
Øygarden rådhus, Ternholmvegen 2, RongTernholmvegen 2, 5337 Rong
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 20.01.2017
Fann du det du leita etter?