Barnevern og familievern

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår. Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i Øygarden kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Snarveg: Besøksheim - Adopsjon - Fosterheim - Hjelpetiltak - Støttekontakt

Barnevern og meldeplikt

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding, evnt. søknad, til barneverntenesta.
Private, til dømes naboar, vener og familie har òg plikt til å melde til barnevernstenesta om dei har grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Private kan melde ifrå anonymt.

Skjema
Bekymringsmelding til barnevernstenesta
Hjelpetiltak i barnevernstenesta

Familiens Hus - Logo - Klikk for stort bilete

Ansvaret for barnevernet ligg til eininga Familiens Hus i Øygarden  kommune.

Kontaktinformasjon finn du under. Barnevernet er lokalisert i Øygarden rådhus på Rong.
 

Krisesituasjonar

Øygarden kommune har samarbeid og avtale med Krisesenteret i Bergen.

Kontaktinformasjon finn du i tabellen under.
 

Barnevernvakt

Fjell barnevernteneste har ei eiga avdeling som skal tene ei lokal barnevernvakt for Fjell, Sund og Øygarden kommune.

Barnevernvakta vil vera å nå på Vakttelefon: 974 00 734  Måndag-Torsdag kl. 08.00-21.00 og fredag kl.08.00-15.30.

Utover dette vil det vera to personar tilgjengeleg på bakvakt/telefonvakt resten av døgnet.

Barnevernvakt vil vera lokalisert i barnevernvakttenesta sine lokaler i Blombakkane 2 på Straume.
Barnevernleiar i Øygarden kommune Gerd Elin Marx er tilgjengeleg på tlf: 56 38 54 47 eller på mobil : 992 16 093 måndag til fredag kl.08.00-15.30.
 

Fri rettshjelp

I følgje Lov om fri rettshjelp kan du få erstatning for bruk av advokat om du ikkje sjølv har økonomisk føresetnad for å kunne ivareta eit rettshjelpbehov.

Fri rettshjelp utan behovsprøving kan innvilgast i ein del tilfeller, les meir om vilkår for fritt rettsråd § 11 i Lov om fri rettshjelp.

Du vil t.d. ha rett til fri saksførsel om barneverntenesta vurderer omsorgsovertaking.
 

Familievern

Familiesenteret gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på førebygging og oppfodrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste. Tilbodet er gratis.

Barnevern - Krise/hjelpetelefonar Her finn du kontaktinformasjon for hjelpetelefonar
Barnevern - Krise/hjelpetelefonar
 DøgnvaktNettstad
Alarmtelefon for barn og unge116 111Alarmtelefon for barn og unge
Barnevernvakten974 00 734Barnevernvakten
Krisesenteret i Bergen55 31 50 50Krisesenteret i Bergen
Politiet02800Politiet
Senter mot seksuelle overgrep55 90 49 90SMIH
Barnevern Her finn du Kontaktinformasjon for barnevernet.
Barnevern
 StillingE-postTelefonMobil
Gerd Elin MarxFagleiar barnevernE-post56 38 54 47992 16093
Hilde Martinussen LønøyBarnevernskonsulentE-post56 38 54 49992 16092
Trine NergaardBarnevernskonsulentE-post56 38 54 51992 16091
Anita Golten FinnsåsBarnevernskonsulentE-post56 38 54 50992 16115
Anne Sofie HelgesenBarnevernskonsulentE-post56 38 54 48
Adresse
Adresse
BesøksadressePostadresse
Øygarden rådhus, Ternholmvegen 2, RongTernholmvegen 2, 5337 Rong
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 15.06.2017
Fann du det du leita etter?

Gerd Elin Marx

Fagleiar barnevern
E-post :