Tjeldstø barnehage

Besøksadresse:
Jensvardvegen 10. Kart finn du nedst på sida.
De kjem til barnehagen ved å ta til høgre i rundkøyringa på Tjeldstø, og fortsetje vidare til den 3. store bygningen på venstre sida av vegen.

Postadresse:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Tjeldstø barnehage finn ein på Tjeldstø.

Kontaktinformasjon
  Telefon
Hovudnummer 56 38 54 70
Styrar Hilde Sture Ervik 992 16139
Avd. Roret (dei eldste årskulla) 992 16129
Avd. Seglet (mellomgruppa) 992 16127
Avd. Ankeret (Småbarnsavdelinga) 992 16128

Tjeldstø barnehage sett frå baksida med leikeplass - Klikk for stort bilete Det går pr. 04.05.18 34 barn i barnehagen, og av desse borna er 18 stk.  under 3 år og 16  born  over 3 år. Fordelinga mellom små og store born kan variere noko ifrå år til år, utfrå behova i søkjarmassen, men skal ikkje overstige eit totalt barnetal på 54 born i omgjorte plassar (born under 3 år tel 2 plassar pr. born.  Borna er inndelt i aldersbestemte grupper fordelt på 3 ulike avdelingar, og det kan søkjast om opphald 2, 3 eller 5 dagar pr. veke.


Barnehagen har ei grunnbemanning på 10 årsverk inkludert styrar.

Tjeldstø barnehage ligg på Tjeldstø i nordre del av Øygarden kommune. Barnehagen ligg i eit eldre bygg som vart pussa opp og teken i bruk som barnehage i 2005. Bygget er stort og romsleg, med mange grupperom og nydeleg utsikt over fjorden. Det er landlege omgjevnader ikring oss, og vi har både fotballbane, fjære, skogsområde og bondegarder i nærområdet vårt. Det er og kort veg til butikk, bussterminal og barneskule.

Våre satsingsområde er sosial og emosjonell kompetanse, og kystkultur. Vi jobbar med dei pedagogiske programma De Utrolige Årene og Dinosaurskulen, og har eit nært samarbeid med Skjergardsheimen leirskule.

Barnehagen fokuserer på eit sunt kosthald, der fisk, frukt og grønsaker er viktige ingrediensar, og vi står i den anledning registrert som fiskesprell-barnehage og 5 om dagen- barnehage. De kan lese meir om fiskesprell og 5 om dagen på følgjande adresser : www.fiskesprell.no og www.frukt.no/barnehage.

Avdelingane våre heiter Roret, Seglet og Ankeret. Avdelingsnamna er knytta til barnehagen si satsing på kystkultur, og tek utgangspunkt i ulike element som ein kan finna om bord i ein båt. Samstundes gjev gruppenamna oss som personale ei påminning om barnehagen sin funksjon i vårt arbeide med borna. Roret, Seglet og Ankeret kan i overført betydning seie noko om retning (Roret), framdrift (Seglet) og ettertanke (Ankeret) gjennom barnehageåret, og desse elementa er viktige faktorar i vårt pedagogiske arbeid. Vi skal ha mål / retning i dei oppgåver vi er sett til å utføre, vi skal kunne sjå ei framdrift / utvikling i arbeidet vårt, og vi må samstundes gje rom for ettertanke / evaluering i høve til det arbeidet som vert drive, både avdelingsvis og i barnehagen sett under eitt.

Opningstider

Opningstider for alle kommunale barnehagar:  kl. 07.00 - 17.00.

Betaling

Foreldrebetaling/prisar

Lenker - barnehage Her finn du informasjon om søknad, foreldrebetaling, planar, lov og vedtekter for barnehage.
Lenker - barnehage
Informasjon 
Barnehageplan 2009-2015Informasjon (PDF, 379 kB)
ForeldrebetalingInformasjon (PDF, 122 kB)
Lov om barnehagarInformasjon
Vedtekter barnehageInformasjon (PDF, 66 kB)
Søknad om barnehageplassInformasjon
Ulykkesforsikring for barn i barnehageInformasjon
Rammeplan for barnehagenInformasjon
Tjeldstø barnehage Her finn du informasjon om Tjeldstø barnehage
Tjeldstø barnehage
Informasjon 
ÅrsplanInformasjon (PDF, 5 MB)
TrivselsreglarInformasjon (PDF, 520 kB)
ForeldrekontaktarInformasjon (PDF, 28 kB)
Reportasje i BATjeldstø Barnehage på hummerfiske
Kart
Tjeldstø barnehage

Her finn du Tjeldstø barnehage

Publisert av Beate Hetlevik. Ansvarleg Servicetorget. Sist endra 08.02.2019
Fann du det du leita etter?

Hilde Sture Ervik

Styrar/einingsleiar
E-post :  
 

 

Artikkel (1)