Kontaktinformasjon

Øygarden kommune
Øygarden rådhus Ternholmvegen 2
5337 Rong
E-post : postmottak@oygarden.kommune.no
Telefon
: 56 38 20 00

Faks
: 56 38 22 31
Org.nr.
: 938 766 223
Kontonr.
: 1503.23.43969
Kommunenr.
: 1259
Opningstid
: Kl. 0800-1530

Kva skjer?

oktober 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Pedagogisk psykologisk teneste - PPT

Opplæringslova seier at kvar kommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. PPT skal og hjelpe skulen i arbeidet med å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov.

Familiens Hus - Logo - Klikk for stort bilete
 



PPT er ein del av Familiens Hus.

PPT skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogiske tiltak for born i førskulealder, elevar i grunnskulen og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område. Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna:

  • fritak frå opplæringsplikta
  • tidlegare eller utsett skolestart 
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på 
    vidaregåande trinn 1

Målgruppa for PPT er barn og unge i alderen 0-16 år, samt vaksne som har rettigheitar innan grunnskulens ansvarsområde. PP-tenesta samarbeider med foreldre/føresette, barnehagar og skular om å leggje forholda best mogeleg til rette for at barn og unge skal få lære og utvikle seg så godt som råd utifrå sine føresetnader og behov. Vi samarbeider også innan kommunen og med institusjonar.

Logopedhjelp
Øygarden PPT tilbyr også logopedhjelp til barn og unge som det er trong for dette, t.d. i samband med:

  • Forseinka språk
  • Uttalevanskar
  • Stamming
  • Stemmevanskar

Foreldre og barn kan søkje råd hos PPT i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing og opplæring. Er du usikker på om du skal ta kontakt, så hugs at det er lettare å hjelpe dersom du kjem tidleg.

Alle tenestene til PPT er gratis, og personalet ved kontoret har teieplikt. 

PPT - Informasjon Her finn du ymse informasjon i samband med PPT-tenesta.
PPT - Informasjon
Pasientforløp ADHDInformasjon
PPT - kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon om PPT
PPT - kontaktinformasjon
NamnStillingE-postTelefon
Kjersti Jarlind SolheimFagleiar PPTE-post56 38 54 46
Anne Sofie HelgesenPP - rådgjevarE-post56 38 54 76
Ida SeterPermisjonE-post56 38 54 56
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 06.07.2017
Fann du det du leita etter?
   

Barnehagar

Login for redigering Login for redigering