Kontaktinformasjon

Øygarden kommune
Øygarden rådhus Ternholmvegen 2
5337 Rong
E-post : postmottak@oygarden.kommune.no
Telefon
: 56 38 20 00

Faks
: 56 38 22 31
Org.nr.
: 938 766 223
Kontonr.
: 1503.23.43969
Kommunenr.
: 1259
Opningstid
: Kl. 0800-1530

Kva skjer?

oktober 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Opptaksprosedyre for barnehagar

Øygarden kommune har eit samordna opptak for alle barnehagane, både kommunale og private barnehagar. Søknadsfristen til hovudopptaket er: 1.mars kvart år.

Tildeling av plass startar i slutten av mars og svarbrev går ut i byrjinga av april.

Suppleringsopptak skjer medio november kvart år.
Dersom det opnar seg ledige plassar utenom opptaksperiodane, vert det gjort fortløpande opptak gjennom heile året

Alle born som fyller 1 år seinast 31.august det året ein søkjer plass og som søkjer innan fristen 1.mars har lovfesta rett til barnehageplass.

Søknadar som kjem inn etter fristen vert registrert i kommunen, men vert ikkje handsama før dei som har rett til barnehageplass har fått eit tilbod. Etter denne tid vert søknadane handsama fortløpande og det vert gjeve tilbod så snart det er ein ledig plass. Søkjar vil automatisk bli sett på venteliste.

Retten til barnehageplass er oppfylt frå Øygarden kommune si side så snart ein har fått tilbod om plass i ein barnehage uavhengig av om det er ein barnehage som søkjaren har prioritert.

Ein kan likevel takke nei til plass for å stå på venteliste til ein annan barnehage. Ein har fått oppfylt den lovfesta retten til barnehageplass sjølv om ein ikkje får plass i den barnehagen ein står på venteliste til.

Lenke til "Lov om barnehagar"

Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 08.12.2015
Fann du det du leita etter?
   

Barnehagar

Login for redigering Login for redigering