Barnehageplass

Beskriving

Retten til barnehageplass gjelder for barn som fyller eitt år seinast innan 1. desember det året det vert søkt om barnehageplass. Barn som er født før 1. september har rett til plass innan utgangen av august. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november, har rett til plass innan utgangen av den månaden barnet blei fødd.

Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eiget formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform.

Brosjyrar


Oppdatert

02.01.2019 12:09

Kriterium

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Barn med nedsett funksjonsevne
  • Barn som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Målgruppe

Barn 0 til 6 år som bur i kommunen.

Pris

Maksimalpris
Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Maksprisen for 2019 er 2 990 kroner per månad frå 1. januar og 3 040 kroner per månad frå 1. august.

Redusert betaling og gratis kjernetid
Alle familiar med lågare samla inntekt enn 533 500 kroner har rett til å få ein redusert pris for barnehagen.

Desse familiane har også rett til 20 timar gratis kjernetid i barnehagen i veka.

Sysken
Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. 

Handsaming

Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Du skal meldast skriftleg om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass.

Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen. Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria.

Dersom du ikkje har fått tilbod om plass, skal du få skriftleg melding om dette. Samtidig skal du få melding om at du kan krevje ei grunngiving for avgjerda, at du har rett til å klage og fristen for å klage.

Dersom barnet ditt har rett til prioritert plass og du ikkje har fått tilbod om plass, har du rett til ei skriftleg grunngiving, melding om retten din til å klage og fristen for å klage.

Handsamingstid


Søknadsfrist


Klage

Du kan klage dersom
  • du har fått avslag på søknaden om barnehageplass
  • du har fått plass, men ikkje fått oppfylt verken første eller andre ønske.
Du må sende klaga innan 3 veker frå du mottok avgjerda. Dersom du bruker retten din til å krevje ei grunngiving, er klagefristen 3 veker frå du mottek grunngivinga.
 
Dersom kommunen kjem til at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal du få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Mottakar


Vedlegg til søknad

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Rettleiing

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.

Referansar

Sist endra 07.01.2019
Fann du det du leita etter?