Kontaktinformasjon

Øygarden kommune
Øygarden rådhus Ternholmvegen 2
5337 Rong
E-post : postmottak@oygarden.kommune.no
Telefon
: 56 38 20 00

Faks
: 56 38 22 31
Org.nr.
: 938 766 223
Kontonr.
: 1503.23.43969
Kommunenr.
: 1259
Opningstid
: Kl. 0800-1530

Kva skjer?

november 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301
2345678
Komande hendingar
   

Barnehage - Søknad om redusert foreldrebetaling

Kommunen har ordning om redusert foreldrebetaling med heimel i barnehagelova.

Søknad om redusert foreldrebetaling gjeld for eit barnehageår om gongen. Barnehageåret gjeld frå 15. august til 14. august året etter.

Det er innført ulike ordningar som gjev reduksjon i foreldrebetalinga for hushald med låg inntekt; redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Ordninga med søskenmoderasjon vert vidareført. Kommunen der barnet er folkeregistrert har ansvar for ordningane som både gjeld for kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. For meir informasjon sjå brosjyre

Frå 1.mai 2015 skal ingen hushald betale meir enn 6 % av bruttoinntekta si for ein barnehageplass. I 2018 vil ordninga med redusert foreldrebetaling vere aktuell for hushald med ei samla inntekt lågare enn kr. 533.500.

Frå 1.august 2016 har alle 3-,4- og 5-åringar, og barn med utsatt skulestart, som bur i hushald med låg inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa skal vedtakast av Stortinget i høve det årlege budsjettarbeidet. For barnehageåret 2018/2019 er inntektsgrensa føreslått satt til kr. 462.000 for ordninga med gratis kjernetid.

Søk om redusert foreldrebetaling

Målgruppe

Hushald med låg inntekt.

Kriterium/vilkår

Foreldrebetalinga for ein barnehageplass i ein offentleg godkjent kommunal eller ikkje-kommunal barnehage skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Som hushald vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar vert rekna to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane eller har felles barn.  Bur eit barn fast hos begge foreldra (delt bustad), skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Om søknadsprosessen
 

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ordningane med redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid er søknadsbasert. Det vil seie at hushaldet må søkje om redusert foreldrebetaling og / eller gratis kjernetid, det er ikkje noko ein får automatisk. Det skal som hovudregel søkjast for eitt barnehageår om gongen. Det er også mogleg å søkje i løpet av barnehageåret om hushaldet si samansetjing og inntektssituasjon vert endra vesentleg og varig, eller om barnet byrjar i barnehage midt i året.

Ved tildelt redusert foreldrebetaling for fyrste barnet skal det også gjevast reduksjon for resten av barna i hushaldet, med søskenmoderasjon i tillegg.

Vedlegg

Nyaste sjølvmelding skal leggast ved søknaden som dokumentasjon. Sjølvmeldinga vil normalt innehalda dei fleste skattepliktige kapital- og personinntekter. Dersom det er skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er registrert på sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplysa om dette på søknadsskjemaet. Dersom inntekta har endra seg vesentleg og varig sidan siste sjølvmelding, eller om søkjar ikkje kan legge fram sjølvmelding t.d. av for kort butid i landet, kan søkjar leggja fram anna dokumentasjon på inntekt.

Send søknaden til

Skriv ut skjemaet og send det til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 31.01.2018
Fann du det du leita etter?
   

Barnehagar

Login for redigering Login for redigering