Adopsjon

Føremålet med adopsjon er i første rekke å gje ein god og varig heim til barn som dei biologiske foreldra ikkje kan ta vare på. Adopsjon skal alltid vere til beste for barnet. Det er ei kommunal oppgåve å tilrå søknader om adopsjon (sosialrapport). Det er Barne,- ungdoms- og familieforvaltinga (BUFA) som fattar endeleg vedtak om innvilga (evnt. avslag) på adopsjonssøknaden.

Bustadkommunen har ansvar for innhenting av sosialrapport i samband med sakshandsaminga ved adopsjon av ukjent barn. Utarbeiding av sosialrapport er eit viktig dokument i samband med adopsjonssøknaden.

For å starte prosessen, må du tinge time hjå sakshandsamar for samtale. I samtalen med sakshandsamar får ein informasjon om den vidare saksgang, oversikt over kva naudsynt dokumentasjon som må følgje søknaden, ein får rettleiing til utfylling av sosialrapport og informasjon om første heimebesøk.

Heile adopsjonsprosessen omfattar 2-3 heimebesøk, evnt. 1-2 samtaler på kontoret. Totalt må ein pårekne ca. 6 mnd. sakshandsamingstid.

I samband med innhenting av informasjon til sosialrapporten, må all naudsynt dokumentasjon må liggje føre før første heimebesøk.

Merk at søknad om adopsjon av fosterbarn sendast via barneverntenesta i kommunen som har omsorg for barnet. Søknad om stebarnsadopsjon kan sendast direkte til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) sitt regionkontor.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 08.12.2015
Fann du det du leita etter?