Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er eit detaljert plankart med planføresegner og planskildring.
I kva grad detaljar i ein plan skal presenterast kan variere, avhengig av føremålet med planen og om det skal leggjast opp til vidare detaljering for deler av planen når utbyggingstidspunktet nærmar seg.

Korleis finna godkjende reguleringsplanar

Det pågår arbeid med etablering av digitalt planregister i kartportalen Kartikus (vel arealplanar oppe til venstre). Her finn du ulike arealplanar. Ta kontakt med planavdelinga viss du ikkje finn planen du leitar etter.

Omgrepet reguleringsplan er fellesnemnar for to typar regulering, områderegulering og detaljregulering.
 

Områderegulering

Vert brukt av kommunen der det er krav om slik plan i kommuneplanens arealdel, eller kommunen finn behov for å gje meir detaljerte avklaringar av arealbruken. Områderegulering skal utførast av kommunen, men har høve til å overlate arbeidet til andre mynde eller private.
 

Detaljregulering

vert brukt for å følgje opp kommuneplanens arealdel og eventuelt etter krav fastsett i ein vedteken områderegulering. Detaljregulering kan lagast av andre sakkunnige. Byggeretten varer i 5 år etter vedtak av plan, men etter søknad frå tiltakshavar kan planvedtaket forlengast med inntil to år.

Avhengig av den aktuelle saka er det ofte også naudsynt med:
•Planprogram/Konsekvensutgreiing
•Illustrasjonsplan
•Terrengmodell, gode perspektiv- og/eller aksonometriteikningar
•Andre illustrasjonar som gateoppriss og fotomontasje
•Andre naudsynte vedlegg som utgreiingar og dokumentasjon
 

Rettleing/ Orientering

Nærare opplysningar ut over kunngjeringar i media kan du få ved å ta kontakt med kommunen, som også vil kunne hjelpe deg med å utforme merknadar eller klager. Under finn du malar og rettleiing for utarbeiding av private reguleringsplanar.

Planpakken - Rettleiing for utarbeiding av private planar.

For handsaming av reguleringsplanar er dette omtala i Plan og bygningslova §§ 12-8 til 12-12.

Planar til offentleg ettersyn
Kommunale planar og styringsdokument

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.06.2016
Fann du det du leita etter?

Øyvind Lunde

Einingsleiar - Teknisk plan og forvaltning
E-post :  
 

 

Eining (1)