Sykkel - VM 2017

Sykkel VM Rongesundet og syklist.jpg - Klikk for stort bilete 16. - 24. september 2017 vert det arrangert VM i landevegssykling i Bergen og bergensregionen (Askøy, Fjell og Øygarden. Dette er eit av verdas største idrettsarrangement, og blir det største arrangementet som har funne stad i Hordaland og på Vestlandet til dags dato.

 

Race to celebrate

Banner sykkel-VM.jpg - Klikk for stort bilete Vi skal skape ein stor folkefest og eit meisterskap som byggjer på det beste av det norsk idrett står for. Sykkel-VM i Bergen 2017 skal vera eit arrangement for alle. Ved sida av sykkelritta blir det fleire publikumsarrangement og eit omfattande kulturprogram slik vi kjenner det frå dei store byfestane.

Visjonen er å arrangere eit spektakulært, populært og inspirerande sykkel-VM som kan styrke norsk sykkelsport generelt, idretten og sykkelsporten på Vestlandet spesielt. Her blir det opplevingar for alle. Dette blir eit historisk arrangement!

 

Øygarden er vertskap for avslutningshelga 23. - 24. september.

Les meir på felles nettside for Fjell, Sund og Øygarden "Sykkel i vest"

Sjå også www.bergen2017.no for meir informasjon.

Program for sykkel-VM


Sosiale medier:
Lokal arrangementskomité på Facebook

Øygarden har hatt folkefest før. I 2013 dansa 700 skuleborn på Rongesundet bru, med "brudansen". Bli med på vår nye folkefest i 2017!

Sjå turistfilmen frå Øygarden "Vilt og ekte"

Øygarden kommune - Wild and Authentic from Snitt Reklamebyrå on Vimeo.

;

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 20.02.2017
Fann du det du leita etter?