Som karriererettleiar har eg eit særskild ansvar for å informera om vidaregåande skule, og å gjera overgangen dit lettast mogleg. Eg hjelper og til med søkeprosessen, og har rådgjeving med elevar, eller elev og foreldre for dei som ønskjer det.
Målet er at alle elevar skal trivast og vera trygg på skulen, og ha størst mogleg utbytte av sin eigen skulegang. Som sosialpedagogisk rettleiar skal eg vera ein ekstra vaksenkontakt for elevane, og hjelpa dei til å finna seg til rette på skulen.