Ordensreglement

Ordensreglementet ved Sund ungdomsskule.

Rettar

  1. Du har rett på undervisning etter Opplæringslova.
  2. Du har rett på gode og trygge arbeidsforhold i eit tilpassa læringsmiljø, der den einskilde opplever tryggleik og sosialt tilhøyrsle.
  3. Du har rett til å seie meininga di og bli høyrd i saker som vedkjem skulen.

Plikter

  1. Skulen er arbeidsplassen din, og du skal møte fram etter skuleruta og levere melding dersom du har vore sjuk eller møter ubudd.
  2. Du skal møte presis, vere førebudd til timane og levere oppgåver i tide. Du skal delta aktivt i opplæringa, slik at skulen har grunnlag til å vurdere kompetansen din.
  3. Du skal vere med å skape eit godt arbeidsmiljø ved å oppføre deg høfleg, omsynsfullt og ansvarleg slik at ingen kjenner seg  krenka eller mobba verken fysisk, digitalt eller verbalt.
  4. Du skal fare fint med lærebøker, datamaskiner og anna utstyr du låner av skulen. Du skal vere med å ta vare på skulebygningen og inventar slik at ingenting blir øydelagt.
  5. Du skal rette deg etter påtale frå dei vaksne på skulen og etter skulen sine ordensreglar.

Ordensreglar

  1. Det er ikkje lov å ta med røykesaker eller nytte tobakk, snus eller andre rusmiddel på skulen. Dette gjeld og tilstellingar om kvelden i skulen sin regi. Brus og søtsaker kan berre takast med i særlege høve etter avtale med kontaktlærar.
  2. Det er ikkje lov å ta med farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område.
  3. Det er ikkje lov å utøve vald eller true med valdsbruk på skulen eller skulevegen.
  4. Om du aktlaust mister eller øydelegg bøker eller noko anna på skulen, er heimen ansvarleg og må betale skaden (Skadeerstatningslova regulerer dette).
  5. Du er ansvarleg for dei tinga du har med deg på skulen. Skulen erstattar til vanleg ikkje tap av eigendelar (t.d. pengar, mobil, jakke, sekk og liknande).
  6. Du skal ikkje uroe læringssituasjonen for medelevar og lærarar. Du skal rette deg etter tilsnakk frå vaksne, slik at undervisninga ikkje blir øydelagt.
  7. Vi er ein mobilfri skule, og mobilen skal oppbevarast i mobilhotell i skuletida. Mobiltelefon, Ipad og liknande skal berre nyttast når lærar eller fagarbeidar har gitt løyve til det. Misbruk vil føre til inndraging.
  8. Du skal vere høveleg kledd i timane.
  9. Du er ansvarleg for orden i skåpet ditt og for dei tinga som er der. Du skal ikkje opne andre sine skåp.
  10. Du skal unngå farleg leik som kan skade deg sjølv og/eller andre (t.d. snøballkasting, leikeslosting og liknande).
  11. Du har ikkje lov til å forlate skulen sitt område utan løyve frå lærar.

Sanksjonar

  • Få tilsnakk/merknad/ringe heim.
  • Bli synt ut av klasserommet for resten av timen.
  • Bli sendt til samtale med rektor.
  • Få brev med heim.
  • Måtte erstatte det som er øydelagt, betale for reperasjon eller rydde opp etter seg.
  • Bli utvist for resten av dagen.
  • Bli sett ned i orden- eller åtferdskarakter.
  • Bli utvist inntil tre dagar.

Framgangsmåte ved iverksetjing av sanksjonar

  • Lærar/kontaktlærar kan setje i verk punkt A-D  etter at eleven har fått forklart seg, utan at eleven treng å vere samd med læraren.
  • Rektor kan setje i verk punkt E-G etter samtale med eleven, kontaktlærar og eventuelt føresette.
  • Rektor kan berre setje i verk utvising for ein eller fleire dagar etter samtale med kontaktlærar og elev, og etter at føresette har blitt informert og fått sagt meininga si. Utvising er eit einskildvedtak som ein har ankerett på etter forvaltningslova. Anken skal stilast til rektor.