Held fram med fjernundervisning på Sund ungdomsskule

Elevane på Sund ungdomsskule vert haldne heime til og med torsdag 5. november. Alle elevane får fjernundervisning. Tre klassar, to arbeidslivsfag og eitt valfag er sett i karantene.

Sund ungdomsskule - Klikk for stort bileteSund ungdomsskule  

Ein tilsett på skulen har testa positivt, og eín elev i klasse 9c kan vera smitta ettersom eleven er nærkontakt med smitta. I påvente av svar på testen til eleven, er klasse 9 c i karantene.

Følgjande klassar og gruppefag er no i karantene på Sund ungdomsskule; klasse 10d, 10a, 9c, arbeidslivsfag 9. trinn og 10. trinn i tillegg til valfag programmering 9. trinn. Klasse 8d og 9a, som var i karantene frå i går, er ute av karantene.

- Vi har konkludert med dette i samråd med smittevernlegen. Fredag er det planleggingsdag, og elevane har fri. Dermed vert det ikkje ordinær undervisning på skulen denne veka., seier rektor Sølv Fjeld Bjorøy.

Øygarden kommune vil tysdag kveld gje status for eventuelt nye påviste smittetilfelle.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen