Held elevane heime på Sund ungdomsskule

Fire nye klassar på Sund ungdomsskule er tekne ut i karantene inntil vidare. Som eit føre-var-tiltak har rektor avgjort at alle elevane på skulen held seg heime frå og med tysdag.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Pixabay  


 

Ein tilsett på skulen har fått påvist koronasmitte. I tillegg er ein elev nærkontakt til ein smitta, og det er mistanke om at eleven kan vera smitta.

Fire klassar (10a, 9a, 8d og 9c) er i karantene inntil vidare i tillegg til klasse 10d som vart teken ut i karantene på laurdag. Valfag programmering 9. trinn og arbeidslivsfag 9. trinn tekne ut i karantene. Elevane vil få fjernundervisning.

- I samråd med smittevernlegen har vi i denne situasjonen vi konkludert med at alle elevane held seg heime på tysdag. I løpet av morgondagen vil vi vi gje melding om kva elevar som må vera i karantene utover tysdag, seier rektor Sølvi Fjeld Bjorøy.

Tekst: Vigleik Brekke