Håp eller katastrofe

  

I dag har 9A og 9B hatt besøk av forfattar Sigbjørn Mostue og tidlegare FN-direktør Svein Tveitdal med foredraget “Håp eller katastrofe”. Her har elevane fått lære om global oppvarming, dei dramatiske konsekvensane dette har for oss og kva vi faktisk kan gjere. 

Mostue las frå den dystopiske trilogien sin “I morgen er alt mørkt” og fortalte om den 6.masseutryddinga som vi står midt oppe i. Både elevar og lærarar er einige om at dette var både lærerikt og engasjerande.  Neste veke får 9C og 9D høyre dette foredraget.