Chilled - meistringskurs for ungdomskulane

Velkommen til meistringskurs for ungdom i 8.-10. klasse!

Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. For nokon blir dette likevel vedvarande plager som får følger for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida. For ungdom er typiske vanskar at ein kvir seg for situasjonar der ein kjenner seg vurdert og evaluert, og at ein engstar seg for å dumme seg ut eller ikkje meistre. Dette skapar typisk vanskar i klasserommet, i kantina, i gymmen, på kjøpesenteret. Andre engstar seg for sjukdom, for framtida, eller for at det skal skje noko med familien. Mange kan også engste seg for å overnatte vekke eller for å gå på besøk.

 

Om kurset:

Chilled er eit kurs med mål om å hjelpe ungdom med å handtere engstelse. I løpet av samlingane vil ungdommane lære seg ferdigheiter som dei skal trene på heime, med støtte frå foreldre. Ungdommen og føresett møter til ein kartleggingssamtale der ein definerer mål for deltakinga.

 

Ungdommen møter til 8 samlingar à 90 min i gruppe. Gruppa vil vere på 8-10 ungdommar. Foreldre møter til 2 eigne samlingar på ettermiddag/kveld, for å lære meir om korleis dei kan vere til støtte og hjelp for ungdommen sin.

 

Chilled programmet er har eit godt fundert forskningsmessig grunnlag, og er tilpassa bruk i Norge av NORCE/RKBU Vest. Gruppeleiarane er sertifiserte i å bruke programmet.

 

 

Gruppestart våren 2022:

 

Planlagt oppstart: 8. februar

 

Kontakt: Sigrid Rømo Ystaas (kommunepsykolog)

 

Margrethe S. Hauge (helsesykepleier) 902 84 296