Gult nivå for barnehagar og grunnskular

Barnehagar og skular i Øygarden skal så raskt som mogleg over på gult nivå. Den kommunale kriseleiinga (KKL) har konkludert med dette måndag ettermiddag etter at kommuneoverlegen og smittevernlegen har drøfta smittesituasjonen og kapasiteten til TISK og vaksinasjonsapparatet. (TISK: testing, isolering, smittesporing og karantene).

Ill-foto - Klikk for stort bileteIll..foto Mostphotos  

Det er etter ei samla fagleg vurdering at Øygarden no går over på gult nivå for barnehagar og skular.

Kommuneoverlegen og smittevernlegen viser til at barn og unge for tida er blant den gruppa som har flest smitta. Dei fleste har mild sjukdom, men enkelte kan få eit forlenga sjukdomsløp. Ved å avgrensa talet på nærkontaktar vert smittespreiinga redusert, og det avgrensar talet i gruppa som går inn i test for karantene-ordninga. Gult nivå kan bidra til at flest mogleg barn kan gå i skule og barnehage som normalt i tida framover.

Gjeninnføring til gult nivå gjeld berre barnehagebarn og grunnskulen i skule- og barnehagetid. Vaksne som arbeider i barnehage og skule skal reknast å vera i grøn sone, som resten av kommunen. Barnevernet, BUFT (Barn,- unge- og familietenester), PPT, vaksenopplæringa og alle andre einingar skal framleis vera i grøn sone.

I første omgang vil gult nivå vera aktuelt i fire veker, frå og med veke 35 til og med veke 38. I løpet av perioden vert det teke stilling til om gult nivå skal forlengjast eller ikkje.

Her kan du lasta ned informasjon om trafikklysmodellen for barnehage og skule.