Cool Kids meistringskurs

Velkommen til meistringskurs for barn i 5.-7. klasse!

Klikk for stort bileteIll.

Det er vanleg at barn og unge opplever å vere engsteleg i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. 

For nokon blir dette likevel vedvarande plager som får følger for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida.

For barn på mellomtrinnet er typiske vanskar at ein kvir seg for å vere heime aleine, kvir seg for å ligge aleine på rommet sitt eller for å reise på overnatting, er redd for å gjere feil eller få kjeft, vere redd for at noko skal skje med foreldra, er redd for å summe seg ut, engstar seg for å ta kontakt med andre barn eller at ein har meir spesifikke fryktar for t.d. naturkatastrofe, dyr, sprøyter osv.

Om kurset

Cool-Kids er eit behandlingsprogram med mål om å hjelpe barn med å handtere engsting, med støtte frå føresette.

Barn og foreldre møter først til ei screening samtale der ein og definerer mål for deltakinga. Barna møter så til samling ein gong i veka, til saman 8 samlingar à 90 min. Gruppa vil vere på ca. 6-8 barn frå barneskulane sør i kommunen. Deltakarane vil få utdelt ei arbeidsbok som vil bli brukt aktivt både i og mellom gruppesamlingane. I løpet av samlingane vil barna lære seg ferdigheiter som dei skal trene på heime, med støtte frå foreldre.

Foreldre møter til 2 eigne samlingar på ettermiddag/kveld, for å lære meir om korleis dei kan vere til støtte og hjelp for barna.  

Cool-Kids programmet er forskingsbasert og er tilpassa bruk i Norge av NORCE/RKBU Vest.

Stad: Aktivitetssenteret i Skogsvåg
Dag: Onsdagar kl.13.30 – 15. 00.
Oppstart: 27. oktober 2021

Påmelding

Meld deg på til Sølvi på e-post solvi.vindenes@oygarden.kommune.no eller telefon 974 91 106.

Kurshaldarar

Kommunepsykolog Elin Foseid og Helsesjukepleiar Sølvi Vindenes.