Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar!

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no Sommarles gjer lesing endå gøyare, og det er heilt gratis å vere med! Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følge med på kva vennene dine les.

Foto: Sommarles.no - Klikk for stort bilete

I fjor fekk vi ny rekord i kor mange som var med på Sommarles, no er vi snart klare igjen og håpar endo fleire vil bli med i år. Premiar er bestilt inn, vi har mange kjekke bøker de kan låne, både teikneseriar, fantasy, krim, korte bøker og lengre bøker og vi skal snart lage til ei eigen Sommarles-utstilling på biblioteka våre!

Premiar

Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

Bli med på Sommarles!

For å bli med på Sommerles.no går du inn på nettsida frå 1. Juni og lagar deg ein eigen profil saman med ein vaksen. Ein føresett må godkjenne at du skal delta, og de må bruke e-postadressa til den føresette ved registrering. Viss de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket. Så er det berre å lese i veg!

Kystpasstur og rebus

I år som i fjor kan du frå skuleferien startar gå tur i 3 kystpassløyper, der biblioteket har laga til ein rebus, løyser du den, kan du koma innom og få ein premie på biblioteket på Rong, Skogsvåg eller Straume. Følg med på heimesida vår www.oybib.no eller Instagram på skulebibliotek_oygarden eller oygardsbiblioteka for meir informasjon og kva løyper rebusane kjem i.

God sommar med Sommarles.no, håpar vi sjåast på biblioteket!


Foto: Sommarles.no