Bli med på De Grønne Forskerspirene

Denne hausten lanserer Miljøagentene ein ny skulekampanje for tredjeklasse, med namnet De Grønne Forskerspirene. Det er ein spennende og lærerik konkurranse om energi, som vekkjer både forskarlysta og miljøengasjementet til elevene. 

Klikk for stort bileteIll.

I konkurransen vil tredjeklassingar få høve til å prøva seg som ekte forskarar ved å gjennomføra morosame eksperiment og oppgåver. Gjennom leik og moro vil elevane få kunnskap om kva energi er og korleis det har seg at sola er kjelda til nesten all energi.

Trykk her for å lesa meir og melda klassen på

De Grønne Forskerspirene strekkjer seg frå 18. oktober til 30. november. Reglane er enkle: alt ein treng å gjera er å melda på klassen sin, løysa eksperimenta og senda inn løysingane til Miljøagentene. Tredjeklassingane skal gjennomføra totalt tre eksperiment. Dersom dei utfører alle, er dei med i konkurransen om fem tusen kroner til klassekassen! Heile tre vinnarar skal kårast etter endt konkurranseperiode, vi håpar det er mange gryande forskarspirer der ute.

Til kvart eksperiment er det utvikla eit tilhøyrande undervisningsopplegg, som oppfyller kompetansemål innanfor både naturfag, samfunnsfag og matte. Undervisningsopplegga er knytt til tre ulike tema innenfor energi, som er:

  • Kva er energi
  • Solenergi
  • Vindkraft

Alle klassane som deltek vil få eit nedlastbart diplom som bevis på gjennomført konkurranse. Konkurransen er både morosam å vera med på, heilt gratis og verkar positivt inn på klassemiljøet.

Gå inn på Miljoagentene.no for meir informasjon

Dersom du har spørsmål, send e-post til forskerspirene@miljoagentene.no

Aksjonsmateriell er utvikla i samarbeid med Forskerfabrikken og De Grønne Forskerspirene vert arrangert samarbeid med Fortum.