Ordensreglar

Skulen er ein arbeidsplass og ein læringsarena der alle skal kjenne seg trygge og ha det godt. Ordensreglane skal bidra til eit godt og trygt læringsmiljø for alle, både elevar og vaksne. 

  1. Alle skal vise respekt og ha omsyn for kvarandre. Dersom nokon kjem opp i ein konflikt, skal ein alltid seie frå til ein vaksen. (Opplæringslova 9a – 1)
  2. Mobbing, vald og krenking mot medelevar og/eller tilsette er uakseptabelt.
  3. Alle skal møte presis til timane og ha skulesakene sine med seg.
  4. Det er alle sitt ansvar å ta vare på skulebygningane, uteområda og dei læremidla som blir nytta.
  5. Alle må halde seg innanfor skulen sitt område i skuletida.
  6. Det er ikkje tillate å bruke tyggegummi og snop på skulen.
  7. Mobiltelefon skal vere avslått og ikkje vere synlege i skuletida.
  8. Tilsette på skulen kan inndra personlege ting, dersom desse er forstyrrande. Elevane har sjølve erstatningsansvar for personlege ting dei tek med seg på skulen.
  9. Snøballkasting er kun tillate mot oppsette mål og aldri mot menneske. Det er heller ikkje tillate å dukke andre under/i snøen.

Ved brot på reglane

Elevar som bryt skulen sine reglar, kan rekne med at skulen iverkset ein eller fleire av desse tiltaka:

  1. Brev/e-post til føresette eller kontakt med heimen på telefon. Denne reaksjonsforma vil bli brukt i dei fleste høve.
  2. Mobiltelfon blir inndratt dersom han blir brukt i skuletida. Dersom tilsette må inndra mobiltelefon, må føresette hente denne på skulen. Heimen blir varsla ved inndraging.
  3. Bli innkalla til formell samtale med kontaktlærar og/eller avdelingsleiar.
  4. Vasking, rydding og reparasjonar. Elevar kan bli sett til å gjere slikt arbeid dersom dei påfører skulebygningen eller skulen sin eigedom skade.
  5. Økonomisk erstatning. Når elevar med vilje eller grov uvørnad gjer skade på skulen sin eigedom, kan skulen fremje krav om erstatning frå føresette.
  6. I alvorlege høve kan rektor bortvise ein elev inntil ein dag.

(Opplæringslova paragraf 2 – 10.)


Ordensreglementet er utarbeida av leiinga på Spildepollen skule og er gjeldande frå 1. november 2019. Ordensreglementet skal seinare til gjennomsyn hos FAU Spildepollen og endeleg bli vedtatt i SU Spildepollen. Ordensreglementet kan difor bli endra på eit seinare tidspunkt.