De Utrolige Årene (DUÅ)

Personalet i barnehagen har delteke i programmet «De Utrolige Årene», basert på ei førebyggings- og behandlingstilnærming for barn utvikla av Carolyn Webster- Strattons.

«De Utrolige Årene» har gjeve personalet kompetanse i korleis ein fremjar sosial og emosjonell kompetanse hjå barn. Vi arbeider med relasjonsbygging, å vera i forkant (proaktive strategiar), gje ros og positiv merksemd, belønning/forsterking, redusera uønskt åtferd og vera tydelege og føreseielege vaksne. Vi brukar skildrande kommentarar, coaching og problemløysing.

Fellesskapet i barnehagen skal ha fokus på positiv åtferd og oppleving av meistring, eigenverdi og tilhøyrsle.

I forlenging av dette programmet har delar av personalet fått opplæring i Dinosaurskulen. Målet med Dinosaurskulen er å styrkja den emosjonelle og sosiale kompetansen til barnet, å styrkja barna sjølvbiletet til barnet og gje dei opplevingar av å meistra. Barna øver på å kjenna igjen kjensler hjå seg sjølv og andre, ta perspektivet til andre, utvikla betre ferdigheiter når det gjeld problemløysing, konflikthandtering, kvar sin tur, verta samde, stilla spørsmål, dela, hjelpa kvarandre, samarbeida og gje kompliment til kvarandre.

På nettsida til Universitetet i Tromsø finn du meir informasjon om De Utrolige Årene.