Helsestasjon for barn frå 0 til 6 år

Alle barn blir innkalla til konsultasjonar på helsestasjonen. Formålet er å fremja fysisk og psykisk helse og førebyggja sjukdom og skader. 

Kva tilbyr vi?

Tema for konsultasjon og samtalar:

  • helseundersøking
  • vaksinasjon
  • søvn
  • amming og ernæring
  • tannhelse
  • språkutvikling
  • motorisk bevegelsesutvikling
  • psykososial utvikling
  • foreldre-barn samspel
  • samliv
  • støtte og rettleiing med tanke på psykisk helse til barn.

Samtalane er individuelle eller i gruppe. I tillegg til det vanlege programmet, kan vi gi tilbod om foreldrerettleiingskurs og ekstra besøk for råd og individuell rettleiing.

Oversikt over konsultasjonar 0 til 6 år

Oversikt over konsultasjonar 0 til 6 år

Pris og betaling

Alle tilbod på helsestasjonen er gratis.

Kontakt og opningstid

Telefon: 56 16 03 00

  • Tast 1 for Straume helsestasjon
  • Tast 2 for Ågotnes helsestasjon
  • Tast 3 for Sund helsestasjon
  • Tast 4 for Rong helsestasjon

Telefontid: Måndag til fredag kl. 08.30-11.15 og 12.30-13.30